OtherPapers.com - Other Term Papers and Free Essays
Search

Frå Hov Til Kyrkje

Essay by   •  September 30, 2011  •  Research Paper  •  1,335 Words (6 Pages)  •  1,310 Views

Essay Preview: Frå Hov Til Kyrkje

Report this essay
Page 1 of 6

Frå hov til kyrkje

Religion heng svært tett saman med etikk og er med på å byggje verdiar og styre vala våre i kvardagen. Eg vel å skrive 'er med på', fordi eg trur på at eit samspel mellom etikk knytt til religion og universell tenking på tross av livssyn er viktig. For meg er det uaktuelt å stenge ein av desse fullstendig ute, enten ved å følgje kristendommen si lære slavisk eller å ta avstand frå religion i all slags form. Desse må utfylle kvarandre for at dei skal kunne fungere best mogleg for oss som enkeltindivid, men religion eksisterer ikkje berre på eit personleg plan. Religion påverkar òg store folkegrupper, som til dømes eit land. Kristendommen har, enten me personleg kan støtte religionen eller ikkje, forma denne nasjonen og gjort oss som høyrer til han til nordmenn.

Religionsskiftet frå norrøn mytologi til kristendom har ofte vorte framstilt som brått og svært dramatisk, og datert til rundt tusenårsskiftet. Ser ein nøyare på det ser ein at det kanskje ikkje var eit så klart skilje som tidlegare trudd, men at kristne impulsar frå andre nasjonar kom gradvis, allereie frå 700-talet og utover, og at overgangen var glidande. Eit døme på dette kan vere at mange av kyrkjene som vart bygd utover på 1000-talet vart bygd på dei plassane der vikingane hadde hova sine, og at slik dei plassane dei hadde religiøs tilknyting til vart oppretthalde. Det er einighet om at det i vikingtida budde nokre kristne i landet, og det finnas òg teoriar om at vikingane tok med seg trælar med kristen bakgrunn heim frå plyndringsferdene sine til blant anna Irland og Storbritannia, og at desse kan ha hatt religiøs innflytelse. Det er likevel stor forskjell på eit land med nokre kristne innbyggjarar og eit samla, kristent rike med kristendommen som statsreligion. Spørsmålet er når me kan seie at kristendommen oppnådde monopolstilling i Noreg. Dei tre kongane som regjerte etter kvarandre frå ca. 935 - 1030 reknar ein med at har hatt ekstra mykje å seie for kristninga av Noreg. Desse heitte Håkon Adelsteinsfostre (Håkon den Gode), Olav Trygvason og Olav Haraldson (etter sin død: Olav den Heilage). Det er naturleg å tenkje seg at i alle fall nokre av desse arbeidde for kristninga av Noreg med ein liten baktanke, og ikkje berre for å fremme ein religion dei personleg trudde på. Det har seg nemleg slik at ein kristen stat har kongen som det absolutte statsoverhovudet, og legg mykje meir av makta over på han. Det kan ha vore dette dei var ute etter, og at det var slik som Sverre Bagge skriv i artikkelen sin på aftenposten.no: "Konge og politikk avgjorde troen."

Kristninga av Noreg vart gjort dels på ein valdeleg og dels ein fredeleg måte, ved at dei fyrst prøvde å få folk til å velje kristendommen av eigen fri vilje, men at dei òg bruka makt dersom nokon nekta å rette seg etter lovene. Skikken folk til då hadde hatt med å ofre til gudane, altså gjere bot, vart forbode ved lov, og dei fekk heilt nye reglar å rette seg etter på mange felt. Eit mykje diskutert tema er korleis kjønnsrollene endra seg etter religionsskiftet, og om kristendommen var så "gyllen" og god som han vart framstilt. Ein del meiner at kvinneundertrykking vart eit aukande problem som følgje av skiftet frå den norrøne trua, der kvinne og mann er skapt på same tid og av same materiale, til kristendommen der mannen i følgje den andre skapingshistoria i Bibelen skal vere overlegen kvinna. I tillegg til dette flytta kristendommen fokuset vekk frå slekta og over på enkeltindividet som ein del av det store kristen samfunnet. I vikingtida var ættetradisjonane særs stolte, og det meste handla om å enten hemne eller styrke ætta. Etter kristninga av Noreg skulle dei plutseleg setje fokus på seg sjølv uavhengig av slekta si, og det var vanskeleg for mange å legge vekk dei tankane dei til då hadde vore så stolte av. I dag er det ein umogleg tanke å setje vanskapte ungar ut til rovdyra i skogen, men på den tida var dette heilt vanleg. Det vart forbode ved lov då kristendommen

...

...

Download as:   txt (7.9 Kb)   pdf (102.8 Kb)   docx (12 Kb)  
Continue for 5 more pages »
Only available on OtherPapers.com